
Då har eg nett satt med ned på hostellet som skal bli min heim dei neste dagane, før eg klarer å finne ei leilighet å bu i for seks månedar!
Eg budde i Kina frå 2007 til 2008, då arbeidde eg som engelsklærar for døve, blinde og funksjonshemma samt universitetsstudentar. Etter to år med statsvitenskap, astiatiske studier og kinesisk på Universitetet i Oslo er eg no tilbake! Denne gangen skal eg gå på Beijing University, det beste i Kina, fram til 20. desember.
Først skal eg ha intensivkurs frå 11. juli til 20. august. Deretter to veker ferie (deilig!). Så begynner skulen for fullt 7. september. Eg både gledar og gruar meg.. Eg syns eg har jobba hardt føregåande semester, men dei som har vore på dette programmet før meg seier at det var reine ferien i forhold til ka vi no skal til med.. Iallefall har eg store forhåpninga til min språklige utvikling, gleda meg veldig til å bli god i dette tilnærma umulige språket!
Turen var smooth sailing, har ikkje sove en millimeter og kjenner at rommet gynga litt her eg sitte. Hotellrommet mitt var ikkje klart enda, så eg blei satt til å vente til det blei ledig. Så eg prøvde meg på facebook, men det var berre å gje opp før eg får snakka med noken som bur permanent her som veit korleis man kan snike seg rundt “The Great Firewall of China”.
I alle fall kjem eg til å halde fram med denne bloggen, som eg brukte sist eg budde i Kina. Rett og slett for å rapportere litt utenriksstoff til dykk heime i Sogn og Fjordane! Øver på å bli utenrikskorrespondant! Eg kjem tilbake med meir!
Cathrine Ekehaug
Beijing
Kommentarar
er det noken som veit korleis eg får snudd bildet etter at det er lagt inn? det er riktig vei på pcen min, men blei snudd når eg la det inn her. hjelp!
det er forresten bilde av bakgården på hostellet mitt! :)