Her bur eg!

HOI! Har tatt litt tid gitt, men her kjem ein oppdatering til. Tida har gått så sjukt fort! No er det snart ein månad sidan eg kom til Beijing, og det har skjedd mykje – men samstundes ingenting spesielt. Vi har flytta inn i leilighet, begynt på skulen, vore på Ikea Beijing, hatt folk inn og ut av leiligheten for å fikse små og store ting, prøvd å gjere oss kjende i området, vert på klassetur til Shan Dong og oppi alt saman forsøkt å komme gjennom det berget med lekser, gloseprøver, prøver og innleveringar vi får frå lærarane på universitetet. Dette er eit stort tidssluk, men det er jo difor vi er her, så ein kan jo ikkje klage! Meir om det i eit seinare innlegg, har nemlig ikkje få ting å førebu til morgondagens timar.

Leiligheten vår ligg i bukomplekset HuaQingJiaYuan i WuDaoKou, som ligg i HaiDian-distriktet rett nord for fjerde ringvei, vest i Beijing. I området ligg det tre store universitetet, blant anna mitt (Beijing University) som er rangert som det beste i Kina, samt QingHua University, nest best og Beijing Languages and Culture university (det beste på språk/kultur, spesielt for utlendingar som tek kinesisk). På grunn av at området WuDaoKou stort sett er bebudd av studentar er prisnivået relativt lågt samanlikna med andre området med høg konsentrasjon av utlendingar. For utlendingar er det mykje av. Heilt kontrast til førre gang eg budde i Kina, der vi var berre.. kanskje 10.. Eller noko sånt. Nettopp difor er det og mange vestlege restaurantar her, men mest av alt koreanske, for det er vilt mange koreanarar(ararar) som studerar her.

Vi betalar 4500 yuan i måneden delt på to, så omlag 2000 kroner per person i måneden. I tilegg kjem gass og straum, men det er ikkje rare greiene. Dei har sånn ring-kontant ordning på dette, så når lyset går og vatnet blir kaldt, går vi til nærmaste bank og fyller på. Veldig ok. Leiligheten er liten, men absolutt av god standard og det tar 10 minutt å sykle til skulen, det er supermarked like ved samt et hav av restaurantar, og det er rett ved Subway stasjonen. Det er veldig praktisk!

Vist 82 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse