| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 8. mai 2008). Les mer om roperten… Heidi Grande Røys, vil du byte kontor med meg? Eg sit i ein fjøs.Her eg bur, på Hjelmeland i Bygstad, har vi så dårleg internettilgang i huset at eg må sitte i fjøsen. I huset vårt tar det ca 15 minutter å laste opp nettsida fjordaglimt.no, om eg i det heile får den fram. Eg kan berre gi opp å laste ned sider som dagbladet.no, og eg kan ikkje sende store bilete. Så kva gjer ein, når ein som reporter er avhengig av tilgang til mail med mogelegheit for å sende store bildefiler: eg må sitte på internett i fjøsen. Her er det breiband. Det er litt ironisk, men Telenor vil kort sagt ikkje bygge linje til vårt hus. Linja er visstnok per idag for kort. VI skal visstnok få internett som duger i huset til sommaren, men det er mange timar i fjøsen til den tid. Kva er dette slags distriktspolitikk?? FOr kort linje? Her sit eg: Dette er mi utsikt: Vil ein av våre statsrådar på tinget kome å byte kontor med meg? Her er kaldt, eg høyrer kyr raute og melketanken surre. Greit nok, eg har termos på kaffe og det er koselig med kyr som snuser på vindu, men eg hadde unektelig satt pris på å sitte ein litt anna stad. Det er ganske drøyt at ein må sitte i ein fjøs å jobbe når ein reiser heim til Vestlandet for å jobbe nokre månader. Vil du byte kontor med meg, Heidi Grande Røys?
Vist 848 gonger. Følgt av 14 personar. Annonse | ||
Kommentarar
Har du prøvd www.ice.no ? Heidi har ikke tid til å bry seg om dette. Ikke jobber hun i Telenor heller, og de driver ikke med distriktspolitikk :)
hm her er uansett ein samanheng. har ikkje testa ice.no nei. bør eg?
Opp til deg om du vil ha en brukbar nettforbindelse i huset eller om du vil sitte i fjøset. Kan være at det er en løsning som kan virke helt uten inngripen fra politikere :)
det er faktisk ikkje berre opp til meg om eg vil ha ein brukbar nettforbindelse. her er ikkje linje utbygd og det vil ikkje operatør gjere noko med. Dette handler også om distriktspolitikk, heilt klart.
Det ligger i luften, kan du si. Du får prøve ice, kanskje blir du overrasket :)
Det er nok ikkje berre i ditta fylket.. her eg sit på Eikanger innom Knarvik er da det samme til tider (ganske ofte) Telenor kan berre levere 1000 linje som på ein god dag leverer oppi 700..tragisk..
hmm ice kan vere noko. takk for tips! og sellevoll, vi får holde sammen!
ice viste ikkje kva eikanger var??
Ja Anne, kanskje vi skal starte vårt eige nettverk? Syns eg ser da…der i begynnelsen vi henge opp ein ledning fra tre til tre.. Men på sikt så skulle Telenor skjelve i taksteinane på da nye bygge inne ved flyplassveien :-)
ICE har eit glimrande dekningskart på nettidene sine.
Om det er dekning i Bygstad er eg meir usikker på.
mvh Joakim med ICE i bilen.
telenor leverar mobilt bredbånd med svært god dekning.
Utan 3G er vel ikkje det breiband, EDGE er meir irriterande enn ingen forbindelse. 3G er vel heller spinkelt utbygd i S&F, utan at eg skal uttale meg om Bygstad spesielt.
Hei Anne
Nei, eg vil nok ikkje bytte kontor med deg, men eg gjer kva eg kan for å hjelpe deg!
Regjeringa sette seg ambisiøse mål då den tiltredde i 2005: Alle husstandar i landet skal ha tilbod om breiband. Difor har vi løyvd rekordstore summar til breibandsutbygging. Frå 2006 til 2008 har vi løyvd 684 millionar kroner til breiband, og desse har, saman med lokal og regional løyvingar, medvirka til at det har vorte etablert ca. 96 000 nye breibandslinjer i Noreg. Dette tilsvarer ca. 4,7 prosent av alle husstandane i landet, og ja; Desse er i distrikts-Noreg.
I følgje ein fersk rapport Teleplan har laga på oppdrag frå departementet mitt (sjå http://www.regjeringen.no/nn/dep/fad/Pressesenter/Pressemeldingar/2008/998-prosent-far-tilgang-til-breiband-i-l.html?id=508724) ventar ein at ein både i Gaular, som i resten av landet, vil vere nær 100 prosent av husstandane som har eit tilbod (fast eller mobilt) ved utgangen av 2008. Dette er oppløftande, men eg er ikkje nøgd før alle har eit tilbod om breiband. Difor har vi (regjeringa) sett av 190 millionar på årets budsjett som vil gi ytterlegare utbygging i år og i 2009. Sogn og Fjordane har fått nær 9,8 mill av desse midlane no i vår. Sogn og Fjordane har òg ein fantastisk breibandsorganisasjon som eg veit er dei beste til å få flest mogleg aksessar av pengane!
Om eg forstår deg rett får du breiband heime til sommaren. I mellomtida vil eg, som andre bloggarar her, rå deg til å freiste mobilt breiband frå til dømes ICE, Telenor eller Netcom. Ein anna moglegheit – om fjøsen ikkje ligg så langt frå staden der du helst vil ha kontor (maks er typisk nokre hundre meter avhengig av omgjevnadene) – kan vere å setje opp eit såkalla trådlaust aksesspunkt i fjøsen slik at du òg kan nytte det sambandet du har heime. Dette kan gjerast enkelt og rimeleg med utstyr som kan kjøpast hos ein vanleg data- eller elektronikkforhandlar.
Eg håpar inderleg det blir ei ordning for deg, fram til det ordinære breibandet er på plass, slik at du i næraste framtid ikkje lenger har trong for å byte kontor med meg eller gå i fjøsen for å vere på nett. Lukke til! (Og så er eg imponert over tilbodet til kyrne i Gaular, snakk om å vere i takt med tida! Eige breiband, da gitt…….)
helsing Heidi
Wow! Eg er imponert. Både av spørsmålet, svaret og at ein når ut til dei fleste via origo.
.. og at ho nådde målet for spørsmålet sitt, her! Høyrer du, Firda-redaktør, dette er ei sak!
driv du berre med blogging i fjosen, eller gjere du nytte for deg og :-)
Flott at fornyingsministeren svarar på spørsmålet direkte på Firdabloggen. Eg er imponert. :)
Stå på Heidi!
Eg og lurer på breiband…. Eikangervåg i Lindås kommune.. kortid??
For 300-700 er vel ikkje breiband
-håper på svar?
Du rekker ikkje fra fjøsen og bort til våningshuset med en trådlaus router då? Evt. så kan du jo strekke kabel fra modemet i fjøset, og bort til huset… Litt signaltap vil det jo bli, men ikkje så mykje..
Har du fri sikt mellom fjøset og våningshuset?
Denne løysinga burde fungera perfekt i ditt tilfelle.
http://www.finn.no/finn/bap/object?finnkode=12803745
Til Frank,
Så vidt jeg husker så er grensen for tilskuddene nå satt på alt som kan tilby ca. 700k el. mer ned så jo du har bredbånd :p
Dette er også grunnen til at telenor bygger ut WiMax med tilskudd fra staten nå uheldig vis siden dette ikke vil kunne tilby noe skikkelig kapasitet men at det holder til kravene som er satt av dem.
jaja off.. vente lenge på at siden dukke opp er jo flott.. 2008 er vi komt til.. Vi kan slå oss på brystet og sei vi er best.. nei tragisk..
eg har ikkje fri sikt nei. det er ein del tre mellom, samt mesteparten av fjøsen. den er ganske stor. Om eg gjer noko nytte for meg når eg er der? eg melkar av og til kyr;) dessuten er saken sitert her på nytt om politikk.
Men… Fjøsarbeidet då?? Med breiband i fjøsen blir det vel ikkje mykje tid til å klappe kyrne..???
Anne … Når du får bredbånd hjemme, så må du ikke si opp linjen i fjøset. Stikk på www.axis.se og skaff deg et skikkelig webkamera. Kanskje du kan få låne det Svein hadde på handelshuset … Legg kyrne på nett – live feed … Akkurat som man kan se “live” på Sandane her:
http://webcam.datainstituttet.no/
Tenk deg da … http://kyrablogg.no/ ;-)
Dessuten … Om det er mindre enn 100 meter fra fjøset til våningshuset, så kan man strekke en vanlig datakabel til formålet. Den bør dog legges i rør, gravd ned – det blir vel fort en dyr affære om man ikke har nevedyktige personer på gården, som har lyst å spette seg en grøft fra A til B ;-)