Forum: Blogg

Offentlege innlegg frå bloggarane i Firda.

Her bur eg!

HOI! Har tatt litt tid gitt, men her kjem ein oppdatering til. Tida har gått så sjukt fort! No er det snart ein månad sidan eg kom til Beijing, og det har skjedd mykje – men samstundes ingenting spesielt. Vi har flytta inn i leilighet, begynt på skulen, vore på Ikea Beijing, hatt folk inn og ut av leiligheten for å fikse små og store ting, prøvd å gjere oss kjende i området, vert på klassetur til Shan Dong og oppi alt saman forsøkt å komme gjennom det berget med lekser, gloseprøver, prøver og innleveringar vi får frå lærarane på universitetet. Dette er eit stort tidssluk, men det er jo difor vi er her, så ein kan jo ikkje klage! Meir om det i eit seinare innlegg, har nemlig ikkje få ting å førebu til morgondagens timar.

Leiligheten vår ligg i bukomplekset HuaQingJiaYuan i WuDaoKou, som ligg i HaiDian-distriktet rett nord for fjerde ringvei, vest i Beijing. I området ligg det tre store universitetet, blant anna mitt (Beijing University) som er rangert som det beste i Kina, samt QingHua University, nest best og Beijing Languages and Culture university (det beste på språk/kultur, spesielt for utlendingar som tek kinesisk). På grunn av at området WuDaoKou stort sett er bebudd av studentar er prisnivået relativt lågt samanlikna med andre området med høg konsentrasjon av utlendingar. For utlendingar er det mykje av. Heilt kontrast til førre gang eg budde i Kina, der vi var berre.. kanskje 10.. Eller noko sånt. Nettopp difor er det og mange vestlege restaurantar her, men mest av alt koreanske, for det er vilt mange koreanarar(ararar) som studerar her.

Vi betalar 4500 yuan i måneden delt på to, så omlag 2000 kroner per person i måneden. I tilegg kjem gass og straum, men det er ikkje rare greiene. Dei har sånn ring-kontant ordning på dette, så når lyset går og vatnet blir kaldt, går vi til nærmaste bank og fyller på. Veldig ok. Leiligheten er liten, men absolutt av god standard og det tar 10 minutt å sykle til skulen, det er supermarked like ved samt et hav av restaurantar, og det er rett ved Subway stasjonen. Det er veldig praktisk!

Karoline har komt!

No har Karoline (Hope Kannelønning), min gode venn og klassekamerat, ankomt Beijing! Vi skal dele leilighet i seks måneder, og det blir fint! No blogga eg litt mens ho innstallerar “snike-rundt-facebook-blokkeringa-programmet”. Takk til UIO! VPN <3

Leilighet er forresten i boks, kjem bilder snart! Hadde ikkje med meg kameraet mitt på visning, så Kari i klassen min tok nokre bilder for meg. Men internetten er for treig til å sende. Den kosta 4500 yuan i måneden, altså 2250 per person, og ligger midt i smørøyet! Tar 20 minutt å gå til skulen, 10 minutt å sykle, metroen er rett vedsida av gaten der vi bur, og det er allslags morsomme og spennande restauranta, butikka og marked rett uti gata der vi bur! Og en STARBUCKS! :D Vi får ikkje flytte inn før torsdag, litt dumt. Men vi får klare oss på hostell fram til då.

I går regna det forresten noke heilt sjukt, regna fortsatt litt… Når eg gikk heim går var det vatn til over anklane.

I morgon, søndag, skal vi på registrering på universitetet, og på mandag er det plasseringsprøve. Innimellom skal vi prøve å sjå VM-finalen, som går halv tre om natta… Kjipt.

Har lagt ved et par bilder av korleis det ser ut når Karoline og Cathrine skal flytte til Kina og bur på lite hotellrom!

Tilbake i Kina!

Då har eg nett satt med ned på hostellet som skal bli min heim dei neste dagane, før eg klarer å finne ei leilighet å bu i for seks månedar!

Eg budde i Kina frå 2007 til 2008, då arbeidde eg som engelsklærar for døve, blinde og funksjonshemma samt universitetsstudentar. Etter to år med statsvitenskap, astiatiske studier og kinesisk på Universitetet i Oslo er eg no tilbake! Denne gangen skal eg gå på Beijing University, det beste i Kina, fram til 20. desember.

Først skal eg ha intensivkurs frå 11. juli til 20. august. Deretter to veker ferie (deilig!). Så begynner skulen for fullt 7. september. Eg både gledar og gruar meg.. Eg syns eg har jobba hardt føregåande semester, men dei som har vore på dette programmet før meg seier at det var reine ferien i forhold til ka vi no skal til med.. Iallefall har eg store forhåpninga til min språklige utvikling, gleda meg veldig til å bli god i dette tilnærma umulige språket!

Turen var smooth sailing, har ikkje sove en millimeter og kjenner at rommet gynga litt her eg sitte. Hotellrommet mitt var ikkje klart enda, så eg blei satt til å vente til det blei ledig. Så eg prøvde meg på facebook, men det var berre å gje opp før eg får snakka med noken som bur permanent her som veit korleis man kan snike seg rundt “The Great Firewall of China”.

I alle fall kjem eg til å halde fram med denne bloggen, som eg brukte sist eg budde i Kina. Rett og slett for å rapportere litt utenriksstoff til dykk heime i Sogn og Fjordane! Øver på å bli utenrikskorrespondant! Eg kjem tilbake med meir!

Cathrine Ekehaug
Beijing

Framtidsfylket?

Frå motekspertise til vekstdrivar - om Høgskulen i SogF

Norsk høgare utdanning tok ved inngangen til 1970-åra ikkje berre steget frå eliteutdanning til masseutdanning, men sprengde også tidlegare fastlagde geografiske og kulturelle grenser innanfor utdanningssystemet. Ideen med etableringa av distriktshøgskulane var utdanning til folk der folk var.

Det vesle forlaget Skald i Leikanger i Sogn og Fjordane har gitt ut praktboka «Frå skuletun til campus – Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane». Boka, skriven av historikar Gunnar Yttri, speglar endringa frå sekstitalets fokus på lokal kompetansebygging og vern om lokale verdiar, til dagens fokus mot ein stadig meir internasjonal marknad for utdanning.

Motekspertise

I 1965 låg Sogn og Fjordane i det nasjonale botnsjiktet i antall avlagde artium, og i 1970 omtala historikaren Johs. B. Thue Sogn og Fjordane som eit «sundslite og attendeliggande fylke». Til Kyrkje og undervisningsdepartementet gjekk det bod om at fylket trong motekspertise, eller bygdeorientert kunnskap, som kunne stryke lokalsamfunnet og utdanne folk lokalt. Spesielt vart dette påpeikt av bygdeungdommar som Thule sjølv som hadde reist til byane for å studere.

Eit år før, i 1969, hadde filosofen Gunnar Skirbekk samanfatta ønsket om å skape eit nytt kunnskapsgrunnlag på bygdene i omgrepet motekspertise. Motekspertisen skulle tale periferiens sak og brukast mot truslar som urbanisering og avfolking av utkantane. Motekspertisen skulle i etterkant påverke fagtilbodet ved fleire av skulane, og då Distriktshøgskulen i Sogn og Fjordane (DHSF) opna dørene hausten 1975, var målsetninga å forsyne bygdene rundt med fagkunnskap som kunne ruste dei i kampen mot sentraliserande krefter.

Aksjonen for distriktshøgskulane flaut på denne ideologien, og bygde opp under og spelte på dei politiske skillelinjene mellom land og by, men dette var ikkje i tråd med kva Sogn og Fjordane fylke ønskte seg. Fylkeskommune og fylkesmann ønskte seg utdanning og forskning som kunne bidra til modernisering og utvikling i eit fylket som knapt hadde opplevd vekst i sysselsetting etter 1945.

Lokal versus internasjonal

Ein kan i ettertid spørre seg kor hensiktsmessig den motstraumske ideologien var for bildet av skulen og fylket utad. Den bar heller ikkje frukter i form av vekst ved institusjonen, og rundt 1982 ser ein eit skifte der ein går vekk frå satsing på motekspertise og ein klar lokalsamfunnsprofil. Denne vart erstatta av studieprogram som var ettertrakta av studentane, og som styresmaktene var villige til å gje løyvingar til. No skaut veksten fart.

Men kva rolle har distiktshøgskulen hatt i motstraumsfylket Sogn og Fjordane? Fleire gonger i ettertid har det blitt stilt spørsmålsteikn ved skulens betydning for utvikling og vekst, ei ikkje ukjent problemstilling innan eit utdanningssystem som vert knytt stadig tettare opp mot samfunnets konkrete behov for kompetanse.

Men den dag i dag bidreg høgskulane til utdanning der folk bur. Eit moment som nesten ser ut til å bli gløymt når den internasjonale utdanningsmarknaden med sine internasjonale rangeringslister bankar på døra hos ein norske utdanningssektor hungrig etter konkurransedyktige eliteinstitusjonar heller enn små og desentraliserte tilbod.

A.V

! politikk, MAKT, debatt, NETTVERK!

Fakta om feminster og hårete fordommer

No tek eg utgangspunkt i feminstar og fordommer, og så ser vi litt på fleip og fakta.

Kva er feminisme i 2009?

Feminisme har i dag blitt ein eliteøvelse for dei få. Dei som er aktive og engasjerte feministar i dag, er ikkje bh-brennande og hårete. Dei er engasjerte damer med nettverk og posisjoner. Dei har knekt kodene, og kodene handler i stor grad om makt, nettverksbygging, politikk og debatt. Her finn du ikkje mange deltidsarbeidende sjukepleiere, men for det meste skribenter og journalister, politikere, akademikere og andre med høgare utdanning og posisjoner i kultureliten, akademia og politikken.

Avstanden er dermed stor til målgruppa for mange av sakene dei frontar.

Men gidder yngre damer bry seg?

Feminstane er i stor grad yngre damer. Mange er også eldre. Yngre damer i mange miljøer bryr seg faktisk om kvinnedagen, sjølv om feminisme er i ferd med å bli ein smal, intellektuell slæsj akademikergreie, og at miljøet heilt klart er dominert av langt over middels høgt utdanna kvinner med posisjoner og nettverk.

Kva er så årsaka til at feminst er blitt eit skjellsord for mange i Norge idag?

Er det fordi feministane er ein elite, adskilt frå folk flest? Det er jo ingen tvil om at det er ein akademisk og kulturelitistisk liten klikk. Dette er synd, fordi dei tek opp saker som angår mange kvinner og dei sit på store ressurser, sjølv om det ofte kan virke som om feminisme som akademisk disiplin har blitt viktigare enn praktisk politikk.

Er det fordi folk ikkje kjenner seg att i sakene dei frontar?

Det er nok fleire ting her. Mange har sterke fordommar mot feminstar, dei hugsar 70-talet og trur at 2009-feminstane er dei same. Det er dei ikkje. Tidene endrar seg, og med dei feminstane. Ein an ting er at mange oppfatter kvinnesaksforkjempere som sytete. Det er veldig synd, og eg vil sei eg er enig i at mange framstår som sytete, og det ødelegger heilt klart for saken. Men dei som syter, er ikkje nødvendigvis feminstar heller, og mange av dei som seier feministar syt, har ikkje peiling på sakene. Dette går begge veier.

Kva skal ein så gjere?

Det er ikkje full likestilling i Norge, men ein treng ikkje angripe dette med å syte og klage, Ein kan feks angripe det med å bygge seg nettverk, engasjere og posisjonere seg. Damer er også i stor grad ansvarlige for å bruke albogane sine og komme seg fram. Ingen kjem og spør deg om du vil ha, du må hive deg frampå og stille krav. Kan vere det er nettopp dette kvinnene/ feministane i denne eliten har gjort, og skjønt. Dei ber ikkje ved dørene, og dei inntar posisjoner. Heller enn å klage på feminstene, går det an å henge seg med og støtte sakene. Eventuelt kan feministene legge av seg akademiske termer og snakke eit språk folk kjenner seg att i.

Sammen er ein sterke, men det spørs om dagens feminister kommuniserer godt nok kva saker dei fronter. Her trur eg mykje av problemet ligg. Mykje av problemet ligg nok også i at folk ikkje veit kva feminisme går ut på. Dei trur det handlar om mannshat og syting. Dette stemmer ikkje. Feminisme handlar blant anna om samfunnsinnflytelse og rettigheter, nettverksbygging, makt og menn. Så klart, ein liker jo menn. Mykje av problematikken skuldast nok kunnskapsmangel om feminisme og kvinnesaker.

Saker som angår alle

Det er synd at feminisme i ein så stor grad ser ut til å ha blitt ein eliteøvelse for dei få, fordi mange av problemstillingene dei jobber med, er saker som gjeld svært mange kvinner. Kvinner tjener, lik det eller ei, i snitt tjener 86 prosent av ein mann i same posisjon, og det er ikkje full barnehagedekning.

Kvinnedagen

Kvinnedagen har fortsatt ein betydning for mange kvinner, sjølv om dei sjølv kjem seg opp og fram er det fortsatt mange som ikkje gjer det. Kvinnedag og feminisme er jo først og fremst ein kamp om lik fordeling og like rettigheter for alle parter.

Kvinnedagen kan brukast på mange måtar, som nettverkstreff i Sparebanken, 8. marstog eller ein tur på fjellet.

Til slutt trekker eg opp tre ting som eg trur er redskaper kvinner må nytte seg meir av. Vi ser jo, lik det eller ei, og dette er eit faktum ingen kan nekte for, at det er fleirtal av menn i styrer, i polikk, blant kilder i mediene, og på debattplass. Å påpeike fakta er ikkje å syte.

Tre powertools til makt:

NETTVERK; er gøy for både kvinner og menn. Kvinner og menn har godt av litt nettverksbygging, og gjennom nettverk får ein makt, og gjennom makt innflytelse.

POLITIKK: gjennom politikk kan ein sikre likestilling og balanse. Ein kan ikkje vente at alle damer skal ta kamper om faste jobber og likelønn sjølv. Det er ikkje alle som tørr, kan eller orker. Det må vi ha respekt for.

DEBATT: kvinner og menn i det offentlige rom. Men gi oss dei gode debattantane, ikkje dei tomme med show off fakter, og vi vil ikkje ha kvinner fordi dei er kvinner men fordi dei har noko å sei.

God kvinnedag alle damer og mann!

Vi som høyrde på Kristin

Vi som høyrde på Kristin Halvorsen. Med eit kommandoliknande utspel før jul, vart vi oppmoda til å handle oss ut av ei kommande finansiell krise. Hald hjula i gang. Redd di eiga arbeidsplass. Meir av sedvane enn oppmoding handla vi frå oss som aldri før, og lunken i økonomien heldt seg for ei stund. Men med eitt kom den globale kulda. Verda er blitt insolvent på grådige tankar langt frå sosialdemokratiske verdiar og styring. Ein global ide om fri handel har rykka maktbalansen frå statlege grep og rike haukar flyg no over frårømde fabrikkar og ruinerte kvardagar. Småspararar som gjekk frå å være rentistar på eigen sparekonto lytta no til bankanes flokslar om kvifor dei no sit med lån i staden… Pengane er søkk vekk i utruleg gode fondsavatalar bankane knapt sjølve har vit på.

Men neppe var fridomen til spekulantar og andre velmeinande bankar si ymse fond pris ukjend for oss? Alt i 1998 karakteriserte Der Spiegel-journalistane Hans-Peter Martin og Harald Schumann den europeiske økonomien som ein bil i mørkre utan lys og førar – med klampen i bånn. I so fall kom kristin aldri lenger enn til klutsjen. Ein velmeinande finansminister forførde oss i beste fall ut i eit kaos NAV verdig. Arbeidarar som i over 30 utrøyttelege år har tilført staten skattepengar og god avsetning gjennom forbruk, møter no eit offentleg organ i kneståande med lua i handa. Ordet reform oppfattast mest som eit aktivum for eit byråkrati agerande i sjølvinteresse.

Presset på økonomien har nådd mannen i gata. Eit yrkesliv prega av rasjonalisering og aukande tempo. Fleire arbeidarar går i møte ein kollektiv forventning til økonomisk vinning som er akseptert i stilla av arbeidsgjevarar og storkapital. Ein kvardag som for mange blir meir enn innhaldslaus og utan mål, men stagnerar med sjukfråvær og i verste fall utestengjing frå den globale valsen. Alt til prisen av menneskeverd og vona om sjølvrealisering – det er du som ikkje heng med!

MEN; Dei økonomiske klimaendringane er ikkje berre eit produkt av spekulantanes frie vilje i ei tid der demokratiet mest fremstår som eit meiningslaust teater. Vi er aktørar og verdiberarar av tida vår. Vi er dei som gjekk på raudt lys. Som ikkje veik til sides for møtande på den smale veg. Vi som sit slik at andre trengande lyt stå. Idealismen høyre valkampen til. Vi er som vi blir tala til; enkle forbrukarar utan forventningar til oss sjølve eller politiske organ kva verdiar angår. Derfor er vi dei første til å syte for ein sunnare kollektiv fornuft. Forankra i eit fungerande aktivt politisk apparat som ivaretar dei verdiane felleskapet ynskjer – ikkje kapitalen. Den viktigaste operasjonen Noreg no kan gjere, er å stå fram som eit land der dei tok tilbake tida og verdiane og gav han attende til dei som utgjer grunnmuren i samfunnet vårt – lønstakaren på grasrota: Du og meg!

Eg høyrde orda dine Kristin, men eg trudde ikkje på dei.

Boka om "suraste fylket" er tørr som tørrfisk

Då “Norge i dag”då boka fekk så mykje merksemd i Sogn og Fjordane, fann eg, nysgjerrig som eg er, ut at eg måtte nok lese den. Reiseskildringar er ein av mine favorittsjangerar, men alt etter tjue sider av “Norge i dag”, grua eg meg til å lese resten. Språket er flatt og daudt og tørt som tørrfisk. Les min kommentar i Dag og Tid.

Ei bok med meir flatt og daut språk skal ein leite lenge etter, og eg spurde meg sjølv: Korleis kan ei slik bok skape så mykje debatt? Eg spør meg om journalistane i fylket har lese boka “Norge i dag”. Og om nokon har lese den, korleis kan dei då bygge ein så stor debatt rundt boka?

Boka er spekka med firkanta kjappe beskrivingar, og forsøksvis artige ting som sikkert passar på radio, men som blir ein språkleg lidelse på papir. Den litterære kvaliteten er fråverande.

Om dette hadde vore eit stykke glitrande litteratur, kunne ein kanskje forsvare debatten – dersom ein hadde lese boka vel å merke. Det er jo underhaldande, og eg lo godt då eg såg denne saka på NRK første gong, men etter å ha lese i boka er eg skeptisk.

Har det substans å kverrulere rundt om vi er sure eller ikkje sure på grunnlag av ei bok som ikkje ein gong held eit lågmål av litterær kvalitet?

Hei kor det går. Lettvint spaltefyll og kjappe debattar. Kanskje endar til og med ei rekke folk i fylket opp med å kjøpe boka etter all gratis pr den har fått.

Eg sit å høyrer på NRK-debatten mellom forfattaren og Randi Førsund. NRK

“Norge i dag” er ei subjektiv reiseskildring. Eg er enig i det Dahlberg seier om at det er overraskende at det skaper eit sånt sinne at ho skriv at det er landets suraste fylke.

MEN på den andre sida. Dahlberg er i sin fulle rett. Det absolutt lov å herse med stadane ein besøker. Det at ein harselerar over stadar ein kjem til, er noko som går att i dei fleste reiseskildringar, men skilnaden frå Dahlbergs reiseskildring og dei fleste andre, er at Dahlbers språk er flatt og daudt og tørt som tørrfisk. Alt etter ti sider gruar ein seg til å lese resten.

Valg i USA

Det er ikke lenge til valget i USA går av stabelen og for de av oss som har fulgt med går vi nå inn i en spennende tid. Jeg skal være den første til å innrømme at jeg satt opp alle nettene da det var delstatsvalg (bortsett fra natt til eksamen), og har sett nesten alle debattene som har vært etter sommeren. Mange er nok litt lei av å høre om hva som skjer “der borte” og mange bryr seg helt sikkert ikke om det er Obama, McCain eller mindre kjente Bob Barr som blir USAs neste president, synd, men sant. Det er faktisk slik at presidentvalget er viktigere for verden – inkludert Norge – enn valget vi snart står ovenfor her i Norge.

I dag leder Obama på alle meningsmålinger og det ser svært svart ut for McCain. Mange mener han har gitt opp, noe man nesten kunne få uttrykk av da han talte for mange av sine tilhengere for noen dager siden. Han roste Obama, men et øyeblikk seinere måtte han bedrive brannslokking da en person i salen sa at hun ikke kunne stole på ham fordi “he’s an Arab”. McCain handlet raskt og tok fra henne mikrofonen og svarte at “[Obama] is a decent family man, citizen that I just happen to have disagreements with on fundamental issues.”

Dette er ikke det eneste uhellet han har hatt, men enda flere uhell har nok hans visepresidentkandidat Palin hatt. Gang på gang har hun dummet seg ut og mediene har avslørt en rekke forhold ved hennes person som hun gjerne ville vært foruten. I tillegg til dette har hun sagt mye rart om Obama som ikke helt stemmer overens med virkeligheten:

For det første, så henger ikke Obama sammen med terrorister, slik hun vil ha det til. For det andre, så er det ikke riktig at Obama har stemt for å øke skattene 94 ganger. For det tredje, McCain har stemt i takt med Bush, ikke mot Bush slik hun gjerne sier overalt hun er. For det fjerde, så er det ikke helt sant at Joe Biden har sagt at det å øke skattene til alle er patriotisk. Dessuten er det villedende å si at hun kuttet i skattene i Alaska, for hun økte de på en rekke områder. Alle disse påstandene er tilbakevist av CNN som graver dypt for å finne ut av om kandidatene snakker sant eller ikke.

Alle som kjenner meg vet at jeg er stor tilhenger av Obama, og det har jeg vært fra den dagen han lanserte sitt kanditatur. De som har lest programmet hans har ofte spurt meg om hvorfor i all verden jeg, som den sosialdemokraten jeg er, kan holde med Obama? Svaret er egentlig ganske lett: USA er et svært konservativt land med en helt annen politisk kultur enn oss. De har en annen oppfatning av hva som er rett og galt, hva som er viktig og hva som er mindre viktig. I Norge ville aldri over 40% av befolkningen stemt på en statsministerkandidat som sa at abort burde være forbudt. Ikke mange støtter dødsstraff og de fleste i Norge vil ha et helsevesen med sterk statlig styring (noen vil ha full statlig styring, andre vil private innslag, men i denne sammenhengen blir disse forskjellene ubetydlige).

Både Obama og McCain støtter dødsstraff som en metode å straffe grove forbrytelser på. Ingen av dem vil ha et helsevesen med for sterk statlig styring og begge ønsker å ruste opp militæret (som allerede er gigantisk – nesten uansett hvilket land man sammenligner med).

4. november er det valg og i januar får Det hvite hus nye beboere. Om dette blir Obama eller mcCain vil bare tiden vise. Det eneste som er helt sikkert er at Bush forsvinner. Og mens vi er inne på Bush, så hjelper det neppe McCain at det er han som er president nå. Faktisk vil McCain så langt det lar seg gjøre unngå å bli tatt bilde eller bli forbundet med Bush. Kanskje ikke så merkelig med tanke på at de er fra samme parti og Bush er tidenes minst populære president i USA!

(Deler av dette innlegget er basert på bloggposter på min private blogg)

Suraste fylke i landet, eller berre landets suraste kommentarfelt

Norges suraste fylke, er NRK si overskrift

Er det heimesittarane i fylket som sit å skriv i kommentarfelta på NRK? Det kan iallefall sjå slik ut, perspektivlaust er det iallefall. Boka er sikkert gøy den, men neppe genial. Eg ser at den er ute på markedet, og tenker omtrent slik: nok ein journalist har farta litt og skriver eit eller anna for moroskuld i atter ei reiseskildring som snart er glømt.

Det er ikkje noko eg brukar pengar på. Om to månader er denne boka gløymt, men det som vil bli hugsa, er dei sure reaksjonane frå Sogn og Fjordane.

Eg kjem frå Sogn og Fjordane og eg må sei eg kjenner meg ikkje att. Eg reiste rundt i fylket to veker i sommar og intervjua masse folk, gjekk på kafear og spurte etter vegen, traff politikarar og bibliotekarar, var i bokby og på fjellet, ferjer og fjordhestgardar, men folk var blide og hjelpsame, sjølv om dei veit at eg brenner bunader i mengder og lass kvar gong sjansen byr seg;)

Eg besøkte tanta mi på Viksdalen, og der arrangerer dei onsdagskafe kvar onsdag. Det kom innom ein forfrosen syklist ein dag eg var der, og dei gav han kaffe og vaflar på biblioteket. Det var veldig hyggelig og mannen vart varm og tørr før han sykla vidare. Det kom også ei rekke veteranbilar forbi, og vi slo oss ned å prata med dei medan vi åt is i skuggen utanfor butikken.

Etterpå reiste eg fire veker i Nordområdene, og folk var hjelpsame og hyggelege, kjørte meg rundt på lange turar i Pasvikdalen, serverte te ombord i krabbetrålarar, passa på ryggsekken min, spanderte mat i lange baner, har sagt hei når dei har kome til oslo i etterkant og bede meg besøke slekta si.

Om ein skal snakke litt om sjangeren reiseskildring, som denne boka (eg har ikkje lese den), fell inn under, kan ein sei at forfattarar av reiseskildringar er høgst subjektive. Dette er ingen reiseguide til det ganske land, men ei subjektiv oppleving av å sykle i Noreg. Eg las nett Turen med Charlie (Travels with Charlie) av John Steinbeck, og Steinbeck er ikkje alltid like begeistra og positiv over alle stader han besøker i USA, men det er jo slik det er å reise. Ein liker ikkje alle stadar, og om ein møter sure folk på ein stad, forbind ein denne staden med sure folk, eller dårlig mat eller kva det måtte vere. Eg likte ikkje Las Vegas då eg var der på roadtrip i 2002, og det er da lov. Eg hata faktisk Las Vegas, drittby uten sidestykke, men det er da lov å sei det høgt. I Sogn og Fjordane likar eg best Viksdalen, medan eg synest Bygstad er for fullt av skau, og det er sikkert folk som greier å hisse seg opp over dette også, men folk hisser seg opp over alt mulig, og skal ein halde kjeft om alt ein meiner, blir det jo voldsomt kjedelig.

Og når ein ser på kommentarane i feltet under saka på NRK, ser ein dei surmaga seigtreige Sogn og Fjordane-folka som ikkje forstår at dette er ei subjektiv reiseskildring. Dei tek det heile som eit angrep på fylket dei elsker, og hatar, over alt på jorda. Surmaga og humørlause er mange av dei som kommenterar og slår fast at dama er sprø, pms eller eit eller anna. Det er kort sagt flaut å lese dessse lite kreative innlegga. Heller ikkje kjem dei med konkrete forslag til folk ho bør besøke, berre ting som at “i Sogn er vi så blide atte”. Skikkelig humortørke. Andre kommentatorar samtykker med forfattaren av boka og seier at fylket er eit drittfylke. Altså anten einig eller ueining, men uansett utan sjølvironi.

Eg lurer på: kvifor blir ein i fylket om ein synest det stinkar der? Det er ingen som limer deg fast.

Kvifor gidd ein ta det så personleg?
Kvifor skriv ein ting som at dama er pms? Det er beint fram flaut å lese slik humørløyse på nett.

Litt sjølvironi og is i magen må ein unne seg, sjølv om ein kjem frå Sogn og Fjordane. Kommentarane i felta på NRK vitnar om mangel på både sjølvironi og humor, samt mangel på kjennskap til sjangeren “reiselitteratur”. Sogn og FJordane er eit ålreit fylke, og det største minuset er ikkje at folk er så sure, men at folk er så fordømt humorlause på vegne av seg sjølv, og det er også ganske konservative tilstander.

Eg lurer på kvar dei er som representerer den delen av befolkninga i fylket som ikkje er surmaga og seigtreige. Dei skriv i allefall ikkje å spore i NRK sine kommentarfelt.

meir

Menn med badehetter?

Vasspolo

Etter å ha slite meg gjennom den første arbeidsveka etter ferien og gått glipp av utallege norske høgdepunkt og nedturar i OL grunna utruleg dårleg planlagte sendetider hadde eg sett av laurdagen til å nyte store sportsprestasjonar. Tidlegare i veka trudde eg at eg skulle få sjå både norsk fotball og norsk handball på laurdag, men det var jo fredagen dei norske laga spelte, liten nedtur. Men etter å ha bomma enno meir på sendetidene slik at Olaf’en allereie hadde rodd seg i mål som nummer ein før eg var komen på plass foran tv-skjermen, kva ser eg? Jo, menn med badehetter! Eigenleg litt søte der dei sym rundt med knyting under haka, nett som babyar, (har dei bleier òg som vi ikkje ser under vatnet?) men bevare meg vel, OL-grein? Dette er ei øving eg ikkje har høyrt mykje om, korleis gjekk det med Noreg i kvalifiseringa – har vi verkeleg landslag i dette merkelege spelet dei kallar vasspolo? Vasspolo? Eller er (kryss fingrane) norske menn litt meir forfengelege enn desse kjempebabyane med hår på ryggen? Føler dei som eg, at desse badehettene får tankane over på heilt andre ting enn sport? Jaja, det vart no heldigvis fint vêr i dag, så då kan eg ta mi eiga ol-øving i hagen i staden. Slite meg gjennom siste runde med grasklipparen.

På tide med klipp

Kafekulturen bør spre seg til bygda

Nokre pensjonistar sit og sladrar på ein lokal kafe i Sunnfjord. Regnet høljar ned og røyken ligg tett under plasttaket blant plaststolane. Oppned blomsterpotter tjener som askebeger, aska ligg utover og på plastduken er det kaffesøl. Fleire fuglar sit og et av ein forlatt hamburger som står på nabobordet. Pommes frites og burger ligg utover golvet.

- Sjå på fuglane, seier den mannlege pensjonisten med Coop-posen til dei to kvinnelege.
- Kven er det som har råd te slikt? seier den eine kvinna.
- Dei unge klarer aldri berekne kor mykje mat dei skal ha, seier ho.
- Vi har det altfor godt, seier mannen.

Ein servitør kjem og ryddar av bordet. Måkane skrik rundt meg medan eg et ein halvsteikt hamburger med altfor mykje dressing, og forsøker å svelge ein overkrydra pomfrites. Etterpå føler eg meg ikkje heilt som før.

Dette er eit erkeeksempel på typisk trash ein får servert langs vegane.

Ein anna dag ruslar eg i Eidsgata på jakt etter mat.

I mi jakt på mat i Sogn og Fjordane, fann eg i Åsabøhuset i Eidsgata den koselige kafeen Didriks. Slike kafear som dette, som det finst ein del av i norske byar, er det ikkje flust av ute på bygda. Eg trur ikkje alle innser kor stor verdi slike gode samlingsstadar og kafear som Didriks kan ha å sei. Når eg sat her og drakk kaffe, sat det ein heil krok full av småbarnsmødre og prata. Kvar skulle dei ha site og samla seg i sentrum om ein ikkje hadde slike stader som dette? På kaia? Ute i regnet? Heime hos kvarandre? Heimekos er vel og bra, men av og til er det triveleg å kome seg ut av huset, vekk frå rot og oppvask, og kunne kjøpe seg ein god kopp kaffe i triveleg lag.
Bileta er frå Didriks. Kafear er meir enn kaffe latte, kafear er samlingsstadar der folk kan pratast. Eg ser berre på onsdagskafeen på Viksdalen. Den er open kun kvar onsdag og det er ikkje noko eksklusivt, men folk kjem milevis frå for å delta.
Fint interiør. Koselege omgivelsar. Tenk om litt fleire forstod verdien av lokaler som dette ute på bygda, samstundes som dei slutta å jamre seg over at ungdomen vil ha kaffe latte. Eg for min del likar ikkje kaffe latte, eg drikk beksvart kaffe utan både sukker og melk, men eg likar stadar der folk kan samlast for å prate, lese avisa eller berre sjå ut glaset, og desse stadene kan ikkje berre vere opne ein dag i veka eller annankvar fredag. Dei må vere opne slik at folk får eit reelt tilbod, sjølv om eg jo også ser at det er ein økonomisk bit her for den som driv. Men får ein fleire samlingsstader, vil gjerne kafekulturen spre seg til bygda, og det trur eg bygda har godt av. Sosiale samlingsstader er noko vi treng meir av.


Ellers i fjordfylket flyt det av dårlig hamburger medan Osabua på Viksdalen er både koselig og har prima fruktdrinkar.

her følger ein liten reklame for Osabua:

I Eldalsosen ligg Osabua. Det er på Viksdalen, rett ved der ein startar oppkøyringa til Gaularfjellet. Her likar eg å stoppe og ete. Det er fantastisk burger og fantastiske fruktdrinkar som attpåtil er alkoholfrie;) Her kan ein også sitte ute og nyte sommarveret like ved elva Gaula. Bua er sommarens varmaste anbefaling frå meg

osabua viksdalen


osabua viksdalen

osabua viksdalen

osabua viksdalen

osabua viksdalen

AnneViken-blog

Annonse